Frode Grytten og The Clash. Vinn både boka og musikken.

-3

OPPDATERT: VINNERNE AV KONKURRANSEN ER NÅ TRUKKET.

Denne uken ble hele The Clash sin back-katalog reutgitt av Sony Music, og dette feirer vi med å gi bort en boks med alle studioalbumene til bandet. Samtidig som The Clash sin musikk blir lansert på nytt, gir forfatter Frode Grytten ut en dokumentar-roman om, nettopp, The Clash, som heter Brenn Huset Ned. Han har hatt satt opp en spilleliste med sine Clash-favoritter, og skrevet en en tekst om et av sine favorittband.

I bunnen av denne saken kan du delta i konkurransen om å vinne musikken til The Clash eller boka til Frode Grytten.

Uten navn

Frode Grytten og the Clash.

The Clash lagde musikkhistorie. Dei drukna seg også i musikk. I dei aktive åra var lufta rundt gruppa fylt med musikk 24 timar i døgnet. Mick Jones øvde seg på å spele gitar ved å lytte til klassiske rocke-LP-ar. Paul Simonon lærte seg å spele bass ved å høre på reggae-singlar som «Wrong ’Em Boyo» og «Israelites». Nicky Headon brekte foten og låg heime mens han heldt takta til Keith Moon frå The Who som pipla ut radioen. Joe Strummer fikk med seg ein Sex Pistols-konsert og såg seg aldri tilbake.

I øvingslokalet Rehearsal Rehearsals, som låg i Camden Town, hadde The Clash ein jukebox som kontinuerlig pumpa ut songar. Dei hadde ein vinylspelar som var kopla til ein gammal AC30-forsterkar. Spelaren snurra rundt kontinuerlig, utan stans, utan nåde. Ute på vegen sleit dei alltid med seg digre koffertar fulle av mixteipar, samla og redigert av Paul Simonon. Dei spelte musikk heile tida, frå ghettoblastarar, i turnébussen, på flyplassar, i taxiar, på hotellrom, bak scena, på scena. Dei marinerte seg i musikk, dei dynka seg i musikk. Rockabilly, reggae, ska, blue beat, R&B, balladar, rockarar, soulklassikarar.

I byrjinga var dei ute av stand til å inkorporere desse inspirasjonskjeldene i sitt eige uttrykk. Dei var rett og slett for dårlige til å spele. Dei debuterte som eit klassisk pønkeband, inspirert av Sex Pistols og Ramones. Litt reggae sneik seg inn på «Police And Thieves», men elles var songane rett fram, sinte og ufiltrerte, energiske og ukompliserte, dette hylet frå ein ny generasjon. Dei stod i på balkongen i det vestlige London, stira ut på den nitriste A40 og skreik ut sin frustrasjon. Bare eit par år seinare hadde dei utvida sitt domene, all musikken dei hadde lytta til, hadde spreidd seg i kroppen. All denne drivande musikken frå heile verda, hadde sige inn i dei. All musikken dei hadde tatt inn, var blitt del av blodsystemet. Uttrykket deira var ikkje lenger bare eit hyl, det var moderne rock for heile kroppen, for hjartet, for føtene, for hovudet.

Denne vegen frå garasjeland til verdsmusikk, frå enkel pønk til cinematografisk storbyrock, er blant dei mest fascinerande turane som noko rockeband har lagt ut på. The Clash var ikkje genuine musikarar, kanskje med unntak av trommeslagaren Topper Headon, men dei var så speeda på musikk at det måtte gå vegen. Då dei gav ut det triple monsteret Sandinista i 1980, gikk dei i 36 ulike retningar på same tid, dei kunne spele gospel, pop, disko, funk, rockabilly, hip hop. Alt blanda inn i kvarandre. Musikk som levde, musikk som vibrerte, musikk som eksploderte. The Clash var ei varm og raus gruppe som inkluderte alle typar musikk i sin clashifiserte rock, det same gjorde dei med sine fans, dei opna dørene, inviterte folk inn på bakromma, på hotellromma, gruppa diskuterte med fansen, drakk saman med dei og klipte håret på dei (!). Heile vegen insisterte dei på at konsertbillettar skulle vere billige, alle clash-produkt skulle vere lågt prisa og dobbeltalbum skulle seljast til prisen av eitt, ein skulle ikkje betale skjorta for å vere Clash-fan.

I si eiga tid blei dei kritisert fordi dei svikta sine pønkideal ved å sprinte vekk frå tregrepsrocken, dei blei hata fordi dei signerte på eit stort plateselskap, dei var uglesette fordi dei gav ut doble og triple album, dei blei ledd ut fordi Joe Strummer lefla med venstresideideologi, dei blei bua ut fordi dei på sjølvsagt vis kombinerte den svarte musikken med den kvite støyen. The Clash kunne vere forvirrande og forbløffande, dei rørte seg så raskt frå det eine til det andre at publikum ikkje heilt makta å følge dei. I ettertid er arven deira vital og veksande. I si tid var det denne musikkarven som sette fyr på dei, fikk dei til å spele og mekke låtar, og sjølv om det også var musikken som til slutt fikk dei til å brenne huset ned, så skapte dei musikkhistorie. Til sjuande og sist lagde dei klassiske songar for min generasjon og for alle generasjonar som verkelig vil lytte.

Sjekk Frode Grytten sin spilleliste i WiMP.

For å vinne boksen med The Clash-albumene eller boka til Frode Grytten, må du svare riktig på følgende spørsmål:

Når og hvor er bildet av Paul Simonon på det legendariske London Calling-coveret tatt?

Vet du svaret på dette, sender du en mail til vinn@wimp.no, og skriver Clash-konk i emnefeltet.

Kategori:WiMP - Permalenke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *


*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>