Norge Rundt: Med Odd & Ingebjørg

Vi følger Odd & Ingebjørg landet rundt, med blant annet videosnutter med bl.a gode gamle Bingomann og turnédagbok fra Odd selv. Her blir det masse moro – nesten hver dag!

Ein Johnny Cash i Sandeid Fengsel, WiMPblogg 23. april

Ein må ikkje bli for opphengt i å sova nok. For då får ein i alle fall ikkje sova. Siste tre nettene har vore litt ugreie i så måte. Men som sagt, så må ein ikkje vera for opphengt i den sovinga. Derfor blir det ikkje meir om det tema. Stopp.

Derimot kan me fortelje at me har vore i fengsel i dag. Me tok ein Johnny Cash i Sandeid fengsel. Det var både spesielt og litt meiningsfylt å spela for dei innsette der. For det fyrste så lika dei innsette tydelegvis meir enn ”gangstarap”. Dei klappa og såg i alle fall ut som at musikken falt i god jord. Litt usikker var eg, då eg oppfordra til allsong på ”Olav Olav”. Men eg tenkte at tøffe karar er jo som regel mest tøffe på gata. Inne i fengselet, kunne det tenkast at det var bittelitt moro å synge og klappe i takt? Jøss ja, det funka som berre det. Moro å sjå Stringer Bell og Jorge synge, med glede, at kyri til Olav var daud.

Det vart ekstranummer og god stemning. Einaste ekstranummeret me hadde var ”Å bån og veslegut”. Ein song som dei fleste har med seg frå mor si song ved barnesenga. Det var vel eit par i salen som ikkje hadde så stor erfaring med denne typen songar. Litt rart var det.

Fekk ein til å tenke.

WiMPblogg 19. april
I dag har me vore i Sirdal. Var veldig bra og fint på alle vis. Supert publikum, og me var litt flinke syns eg. Har funne ut at Sirdal har unge talentfulle journalistar. Me fekk spørsmål om eit intervju med ein 13-åring. Sikkert til ei skuleavis eller noko tenkte me. Eller arbeidsveke. Me let oss intervjue, og guten hadde blokk og fotoapparat og stilte fine spørsmål. Noterte flittig. I bilen heim kom det derimot plutseleg for ein dag at dette ikkje var for skuleavisa eller deromkring. 13-åringen var freelanser og skreiv for avisa Agder og Sirdølen. Me blei litt bekymra, og sette igang ein liten prosess for at me skulle få lesa igjennom i alle fall. For ein fullblods journalist kunne han vel ikkje vera. Så kom artikkelen på mail gitt, med brødtekst, ingress og alt som høyrer til. Men me måtte forte oss å gje attendemelding for journalisten måtte legge seg. Det var litt artig syns eg. Mykje kan bli forsert i barneår, men leggetida ligg fast. Inspirert av dette går det også slik med denne bloggen. Den sluttar no; eg må legge meg.

WiMPblogg 16. april

No er nettop Justin Bieber ferdig med konserten sin på Telenor Arena
Me er ferdige med konserten i forsamlingshus i Øvrebø nord for Kristiansand
Bieber er på turné
Me er på turné
Bieber kjem i bil
Me kjem i bil
Bieber skifter til sceneantrekk
Me skifter til sceneantrekk
Bieber hadde fullt hus
Me hadde fullt hus
Fansen jubla for Bieber
Fansen jubla for oss
Bieber flaug inn på scena
Me gjekk inn på scena
Søren ta. Så mykje likt.
Var det nødvendig å flyge inn på scena?

WiMPblogg 15. april

For fyrste gong i mi historie som artist, så har me ordna oss med T-skjorter. Å vera soloartist i Noreg med eigne T-skjorter er kanskje litt tveegga. Det er greit å gå med T-skjorte der det står Dolly Parton, eller han der ……. Justin Bieber. Men om du går med T-skjorte med Odd Nordstoga på, om det er nokon som hadde hatt lyst på det, så ville det kanskje vore litt kleint både for meg og vedkomande å møtast bortpå senteret eller på Bølerbadet. Men no hadde me sjansen med ”Heimafrå”. Eg og Ingebjørg har ”merchandise” som det heiter på dialekt. T-skjortene er koole som berre det. Dei er topp kvalitet, er designa av ingen ringare enn Martin Kvamme, og vert selt, i tillegg til på turneen, på robotbutikken.no

Me har sjølvsagt laga vår eigen reklamefilm, og den ser du her:


WiMPblogg 12. april

Livet er (som kjent) fullt av kontrastar. Gjerne på ein gong. I dag sit me i bilen på veg til Lyngdal. Trass i at det er etter påske, og at derfor vintersko, ski, boblejakke og ullundertøy er lagt bort, snøgar det. Ikkje det ein forventar av sørlandet på denne tida av året.

Eg sit og skriv på ein tekststubb til Facebook som managementet skal ha, samstundes som eg driv med kvalifisert lytting til Sudan Dudan, ei plate eg produserar, i tillegg til å tenke på og diskutere med dei andre i bilen eit televisjonsinnslag som me også skal gjera. Alt har eit, som vanleg, lite slør av bekymring over seg. Stress heiter det når ein ikkje greier å tenke på ein ting for at ein annan ting du tenker på kjem i vegen som igjen blir avbroten av ei tredje. Og no er det slik. Og det er då, seier dei, at du treng ein ferie.

Så ringer telefonen. Det er ein kamerat ved namn Harald Dag som ringer. Han kan fortelje at han og Vegard Ulvang (som sa at eg hadde god teknikk på ski ein gong, og som eg lever på enno) nettopp har segla 11 mil, på ein dag, i strålande sol med skisegl frå Alta og austover over Ifjordfjellet. No har dei ein liten fiskestopp og i løpet av samtalen kjem sanneleg Vegard springande med ei røye på over ein kilo. Ikkje er det ei sky på himmelen heller. Og dei to skal visst fortsetje mot Vardø så langt vinden fører dei.

Det står så tydeleg for meg denne stemninga i Finnmark. Nesten som eg får ein villmarksferie inn øyraet. Og var det ikkje det eg trong, ein ferie? Og ikkje berre det. Eg får også ein idé til kva eg kan skrive på Wimpbloggen. Så er eg i alle fall kvitt ein ting å bekymre meg for. ”Send eit bilete av fisken då.” seier eg til Harald Dag. Og her er den (syns det liknar på ein aure eg men).

 

WiMPblogg 10. april, Lillestrøm

odd_brev

Hardanger 22. mars
Heimafrå har teke steget ut av sitt eige fylke. Eller, me har jo vore i Aust Agder, og snart kjem me att. Men no er det Hardanger som er tingen. Nå gjer som alt anna. Ligg og ventar på våren. Det bles kaldt over Sørfjorden, og enno ligg den bratte austvende fjordsida naken, tela og hard oppover mot dei mektige knausane der sola skin over kritkvit fonn, med lovnad om at snart, snart slepper varmen til her nede. Og då er kvart grasstrå og kvar apalgrein klar til å eksplodere i eit inferno av bløming og sommar. I Bygdahallen er dei klare, stolane er sett fram, og det einaste problemet er å få inn alt utstyret. Men for desse folka, som greier å hekte fast store driftsbygningar og hus og fjøs i dette stupbratte lendet, er det vel som ingenting og reikne. Så her fins ingen problem.

Eg har derimot eit problem. Det er at det i dag stod å lesa i Aftenposten om nivådeling i skulen. Det vil jo Høgre innføre over heile landet. Ikkje berre i den høgrevridde elitistiske Osloskulen, som me høyrer til. Men høgre har jo så stor tru på enkeltmennesket. Høgre trur at det at nivågrupper ikkje skal vera permanente gjer at nivågrupper ikkje blir permanente. Dei trur at han som er dårlegast i matte, berre han skjerpar seg litt, kan bli best i matte, og at den beste i matte før eller seinare mistar grepet, og blir sett ned eit nivå, og gjev plass i toppgruppa til dei som avanserar, og såleis at elevane kan flytje opp og ned i nivå alt etter eigen innsats, i eit flott miljø som dyrkar felleskapet og likeverdet, og som framfor alt aukar sjølvtillitten til dei to tredjedelane som kvar dag får tydeleg foreskreve at dei ikkje er blant dei ti beste i klassa.

Menstad 21. mars
Det er greit at ein aldri blir fornøgd med eigne eigenskapar på instrumentet. Det er jo ikkje grenser for kor god ein kan bli. Så det er liksom berre å stå på for den som orkar. Men lyden. Lyden i instrumentet. Den blir ein heller aldri nøgd med. Det skulle eigentleg vore forbudt med oppmikking av instrument. Så kunne ein jo sluppe ei bekymring i livet i alle fall. Og dei som sat på bakerste benk ville jo ikkje ha høyrt ein skitt, så dei hadde heller ingenting lydmessig å klaga på. No har jo me verdens beste altmogeleglydljosbussriggemann, så her er det topp kvalitet på lyden ut. Men likevel: Det er utruleg, men etter å ha spelt gitar i 25 år så driv eg framleis å byter mikkar og skrykker på nasen og kjøper boksar og ledningar og fandens oldemor. Men likefullt er det same rennet til neste turné. Nei ikkje berre neste turné. Nei, neste dag. Og det som verre er. Det er at bassisten vår. Kjære Gjermund Silset er enno verre. Han har spelt bass i 33 år! Me seier til han at det er mykje han kan bekymre seg for. Men at bassen hans ikkje let fint. Det er som å sei at snø ikkje er kvit og at det er pyton med indrefilet med raudvinssaus og Bordeaux i glaset. Så moralen er altså at det er alltid noko å bekymre seg for å klaga på her i verden. Sjølv når det ikkje er nokon grunn.

Og det er derfor, mine vener, at verda går framover. Pessimistar som aldri er fornøgde har noko for seg. Det får vera ei forsvarstale for underteikna og Gjermund. Og den observante lesar ser no at Ingebjørg H. Bratland ikkje er nemt. Det same gjeld ho. Men at ho ikkje er fornøgd med alt ho foretek seg på musikkfronten. Det er så irrasjonelt at det er ingen som kan tru på uansett.

Så det seier me ikkje noko om. God kveld.

Skien 20. mars
Ekspedisjonen og grasrotaksjonen Heimafrå er i Skien i dag. Flagga er oppe. Me tenker kanskje det er for oss, sidan nettet ikkje kan informere oss om nokon annan grunn. Kongen har ikkje bursdag i dag i alle fall. Skien er jo, i fylgje Knut Buen, har meg blitt fortalt, Noregs svar på Pompeii; heilt død. Men det kan me avkrefte. Me har vore på spasertur i dag, og då såg me ein mann på ein balkong. I sentrum såg me dessutan ganske mange folk, og alle levde. Greenpeace var der også og spurde meg om eg tenkte på oljeboring i Arktis. «Ja» svara eg. Det var vanskeleg å unngå sidan han spurde om akkurat det. Dessutan gjekk me forbi eit hus der Ibsen, i fylgje skiltet, budde i tre månader av sitt liv. Huset er nok freda. Men Ibsen er død, derom er det ingen tvil. Om Skien er ein sommarby, ein soveby eller kva det eigentleg er med Skien, bortsett frå at Skien er koseleg. Det er me ikkje sikre på.

Men klokka 16 går turen til Risør for konsert, og Risør er ein sommarby, sikkert. Det er to år sidan eg spelte i Risør. Det var ute ved fyret. Konserten starta med sol og 25 grader, og enda med vannrett regn rett inn på scena. Aldri har gitaren min vore så våt. Og folk som var på konserten kom seg ikkje heim att sjøvegen. Det var nesten på grensa til dramatisk. Men ein gitar er nesten som kjærleiken; den toler alt. Så det gjekk bra. No satsar me på at flagga er oppe når me kjem til Risør også. Here we come.

Kategori: Musikknyheter, Video   Stikkord: , , - Permalenke.
2 Kommentarer
  1. Kaare K. Johnsen

    Hvor er blogg #1?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *


*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>