Vossa Jazz 2012


Vossa Jazz vert i dagane 30. mars – 1. april 2012 skipa til for 39. gong. Festivalen er kjend for å vera nyskapande og har i mange år presentert tingingsverk og andre prosjekt. Den musikalske profilen omfattar jazz, folkemusikk og verdsmusikk.

Hør smakebiter fra årets program i WiMP

Vossa Jazz har i år gleden av å presentere årets tingingsverkkomponist Karl Seglem. Han er utan tvil ein av Noregs aller største jazzmusikarar, med ei rad prisar og nominasjonar bak seg samt samarbeid med toppsjiktet av norske musikarar. Tingingsverket, som er det 31. i rekkja, har Seglem valt å kalla «Som spor». Verket vil vidareutviklast i det musikalske landskapet frå tidlegare CD-utgjevingar, mellom anna Ossicles frå 2010, som kalla fram femmarar og seksarar på terningane rundtom i pressa. Karl Seglem presenteres her i ei speleliste som opnar med eit tema frå årets tingingsverk, eksklusivt presentert i WiMP.

Hør tingingsliste frå Karl Seglem i WiMP

Med seg til festivalen har Seglem eit handplukka ensemble med Sigrid Moldestad og Håkon Høgemo på hardingfeler, Lars Jakob Rudjord og Andreas Ulvo på tangentar, Stefan Bergman på bass og gitar og Kåre Opheim på trommer og perkusjon. I tillegg til musikken kan publikum nyta konserten visuelt med bakteppe av fotograf Oddleiv Apneseth, lys- og biletedesignar Tord Knutsen. Lyddesign ved Asle Karstad.

SEGLEM OM Å FÅ OPPDRAGET:

- Eg vart svært glad då førespunaden kom, både fordi Voss betyr noko spesielt for meg, det var der det heile begynte – i 1978, og for at eg då kunne konsentrere meg om å skrive ny musikk, vidareutvikla noko, og vera garantert å få den framført – og tilogmed få betalt for det!

- Det kjendest også som ei ære. Bestillingsverket til Vossa Jazz har høg prestisje i jazzmiljøet. Det er ein av dei få festivalane som har klart å halde på det, få gjennomført det, finansiert det. Mange før meg har levert svært bra ting og fått større merksemd for det dei driv med etterpå. Det håpar eg skal skje med min musikk også!

SEGLEM OM KVA LYTTAREN FÅR OPPLEVA:

- Verket bygger på den musikken eg har arbeida med på mine tre siste world-jazz album. Femstein, Urbs og Ossicles. Eg stiller med eit utvida world-jazz band og skal også inkorporere eigen poesi, samt inkorporere lys/video/bilder på den visuelle sida. Musikken vil spenna frå vakre og gjerne melodiøse, svevande klangar – via nyslåtte-jazz for sax og hardingfele, til heftige grooves og urtonar med vrengpedal frå feler og diverse bukkehorn (+ antilopehorn).

Dagbladets jazzanmelder Terje Mosnes skreiv om Ossicles (terningkast 6):
”Flere opererer i dette ureine jazz/folk-farvannet, og det ikke uten hell, men bortsett fra Jan Garbarek på sitt beste er knapt noen i nærheten av Karl Seglems uttrykksnivå og kraft.”

Hør Ossicles i WiMP

Kategori: Musikknyheter, Spillelister   Stikkord: , - Permalenke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *


*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>