Frode Grytten: Smithssongar

Manchester-bandet The Smiths, sentrert rundt låtskriverne Morrissey og Johnny Marr, ga ut et knippe album som for mange står igjen som selve definisjonen av 80-tallet, en status som bare har blitt sterkere i årene etter at de i 1987 gikk fra hverandre. Reutgivelsene av deres fire studioalbum (The Smiths, (1984), Meat Is Murder (1985), The Queen Is Dead (1986) og Strangeways Here We Come (1987), samt samle- og livealbum, minner om at interessen for The Smiths ikke har blitt mindre med årene. Hør reutgivelsene av The Smiths i WiMP.

En av landets sterkeste og mest engasjerte talsmenn for The Smiths er Frode Grytten.

Den prisbelønnede forfatteren, kjent både for sine mange historier fra hjemstedet Odda (som Bikubesong) og for sine mange popkulturelle referanser (ikke minst med novellesamlingen Popsongar). Han er høsten 2011 aktuell med Saganatt. Lundetrilogien (Oktober forlag). Grytten har et stort, bankende hjerte for The Smiths, og han har nå satt opp sine 20 favoritter for WiMP, akkompagnert av en glødende korttekst som viser nettopp det.

Hør Frode Gryttens utvalgte i WiMP. 

Smithssongar
Av Frode Grytten

Eg liker dette huset. Måten lyset kjem inn og finn vegar gjennom det. Utsikta frå kjøkkenet. Romma. Denne dagen fyllast huset vårt med Smithssongar, eg skal velje dei 20 beste. Dei 20 beste? Det er jo umulig. Eg kunne ha valt 20 andre Smithssongar, og det ville ha vore ei nesten like sterk liste. Det kjem an på dagsforma, gjør det ikkje? Jo, denne dagen får det bli desse. I morgon hadde det garantert blitt ei anna liste. På fredag ei heilt anna. Søndag! Wow! The Smiths varte bare i fem år, men dei pumpa ut over 70 songar som nesten alle kan kallast klassiske. Eit par bomskot var det, men bare eit par, ikkje meir enn det.

Igjen fyllast huset mitt med songane frå 80-talet, eg tar til å tenke på dei andre romma der eg tidligare har spelt The Smiths. I regn, i sol, tidlig, seint, laurdag kveld, søndag morgon. Platene har alltid vore med meg, songane har vore der, som viktige møbel eg må ha med over alt. Først i vinylutgåver, singleplater og album i førsteopplag, seinare på cd, vanlige utgåver og remastra. Som filer på datamaskinene, som klikk på streaming-tenestene. Alltid har dei songane vore der, på hyblar, i bustader, i rekkehus, heime hos foreldra mine, hos kompisar, på hotellrom. Slike songar som er ein nødvendig utsikt, songar som hører til i romma mine, på same vis som lamper eller bilde på veggane, som ein vase med gule påskeliljer, songar som i seg sjølv er ein heil etasje, songar som er eit heilt liv, songar som kan redde liv.

No kjem eit stort regn over huset vårt, treffer taket og plattingen utanfor, bankar, hamrar, tar til å konkurrere med lyden frå høgtalarane, er i ferd med å overdøyve Morrisseys stemme og Marrs gitar. Kva var det med The Smiths? Kva er det med The Smiths? Eg veit ikkje, då eg kjøpte mi første Smiths-plate, visste eg nesten ingenting om bandet, eg hadde lese litt om dei i ei engelsk musikkavis, men då eg plasserte den første Smiths-plata på spelaren, var eg på ingen måte budd, eg blei fullstendig tatt av dei songane. Det var eit overfall. Det var mord. Det var ikkje rart at eg blei forelska.

No veit eg alt om The Smiths, gruppa og platene er forlengst gjennomanalysert av kritikarar, journalistar, biografar. Dei er kanonisert og omfamna, ikkje av alle sjølvsagt, med The Smiths er det Elsk/Hat, Alt/Ingenting, Kyss/Atombombe, har du nokon gong hørt nokon seie at The Smiths er ok, at dei har no eit par bra låtar? Nei, The Smiths deler oss, The Smiths er ein midtdelar mellom oss, og alle skal fortelje alle andre om korfor Smiths er Fantastiske/Forferdelige. Alt er sagt, alt er oppe på bordet, likevel kan eg framleis slå på ei Smiths-plate og bli sett ut, eg kan gå med miks-songar-funksjonen på iPoden og der kjem ein Smithssong. Det er nesten som eg må rive av meg hovudtelefonane og skrike av glede. Hør, alle saman, ein Smithssong! Har de hørt makan? Nei, de har ikkje det. De har faen meg aldri hørt makan!

Det slår meg at eg no har levd lenger med dei songane enn utan dei songane. Eg er blitt ein mann på femti, framleis sit eg heime i mine eigne rom og spelar denne musikken. Eg spelar mykje anna også, men med jamne mellomrom vender eg tilbake til The Smiths, som ein gammal kjæraste, som ei mild mor, som min eigen far, som det gamle huset eg må sykle tilbake til. No legg eg meg ned på den grøne sofaen, stirer opp på dei grå skyene, regnet som kjem ned. Songane fell hardt over meg, stygge, vakre, ville og farlige. Eg har forsøkt å kvitte meg med dei, komme unna dei, bli fri frå dei, koste dei ut av romma mine. Men det går ikkje. Det går ikkje. Slik er det. Slik skal det vere.

Det blir stille. Plata er ferdig. Regnet er over. Eit glimt av septembersol kjem ned. Huset roar seg. Eg reiser meg, blir ståande, sit meg igjen. Eg kan umulig velje bare 20 songar, det går ikkje, det går bare ikkje. Korleis kan dei spørje meg om bare å velje 20 songar, eg må ha alle med, absolutt alle! Eg går ut på kjøkkenet, ser ut på vatnet, rundkjøringa, trea. Eg liker verkelig dette huset. Eg ventar på at dei andre skal komme heim, dei skal fylle nr 83 med sine lydar, dei skal setje bustaden i funksjon, opne dører, trekke fram stolar, lage alle desse songane eg elskar.

Foto: Hans Jørgen Brun/Oktober forlag/presse

Hør Frode Gryttens utvalgte favoritter i WiMP
Hør The Smiths i WiMP 

Kategori:Musikknyheter, Spillelister - Permalenke.
2 Kommentarer
  1. Lars Henrik Rygh

    Takk til Frode Grytten. Eg og blei vaksen med The Smiths. Det var og Steely Dan, gammal Genesis og Gram Parsons, men The Smiths var frå vår eiga tid. Vårt Beatles.

    Frode Grytten, vi er fleire enn 11 som ikkje er på Facebook.

  2. Frode

    THE SMITHS er en evig forelskelse – bølgedaler….ja, men du blir aldri forlatt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *


*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>