Buen kulturverkstad: Unik dokumentasjon av norsk folkekultur

Buen kulturverkstad har i en årrekke dokumentert norsk folkemusikk og folkekultur gjennom kassettutgivelser og CD’er med opptak som stammer helt tilbake til første halvdel av 1900-tallet. En stor andel av disse utgivelsene er nå gjort digitalt tilgjengelig, og med det gis et nytt og større publikum muligheten til å bli kjent med noe av det mest tradisjonsrike og originale vi har i norsk musikk. Eller som verkstedmester Knut Buen sier det: ”Dette er kultur som har runne av liv og lagnad gjennom hundreår, av skiftande sinnelag og i trendar av tider og tradisjonar.”

Hittil er det sluppet ca 25 titler som aldri har vært tilgjengelig på annet format enn musikkassett. Resten vil bli lagt ut i WiMP fortløpende de neste månedene.
Buen kulturverkstad er samlet i denne listen i WiMP.

Vi lar Knut Buen selv fortelle mer om det unike dokumentasjonsarbeidet til Buen kulturverkstad:

- Frå 1976 og framover til midten av 1990-åra gav Buen Kulturverkstad ut rundt 100 kassettproduksjonar med diverse opptak av legendariske spelemenn, kvedarar, diktarar, forteljarar og folkelege artistar, soloframført og i ulike arrangement. Dette gjeld hundrevis av slåttar, viser, stev og salmer, segn og soger, eventyr, dikt og nyskaping. Mykje på grunnlag av viktige tradisjonskjelder. Arkivstoffet gjeld, t.d. gamle opptak på pathefonplater og 78-plater, dei eldste, med hardingfelespelarane Ola Mosafinn fra Voss og Knut Dahle fra Tinn i Telemark, innspela i 1912.

Vidare er det ei rekke arkivopptak som Buen Kulturverkstad har hatt tilgang til og ellers har produsert med ulike artistar gjennom åra. Det gjeld stoff som i høg grad har vore, og framleis er, kjelder for dagens utøvarar, opptak med mange av landets fremste folkemusikarar og artistar i sine beste innspelingar. Med kasettproduksjon og CD’ar på nett byd Buen Kulturverkstad på spelemannslegender som Sigbjørn Bernhoft Osa, Hilmar Alexandersen, Torkjell Haugerud, Kristiane Lund, Arne Bjørndal, Eilev Smedal, Kjetil Flatin, Halvor og Gunnulf Borgen, Jørgen Tjønnstaul, Gjermund Haugen, Olav, Kjetil og Einar Løndal, Jens Myro, Leif Rygg, Øyvind Brabandt, Olav Sataslåtten, Lars Skjervheim, Per Anders Buen Garnås, Torgeir Straand, Torleiv H. Bjørgum, Eivind Mo, Jens Amundsen, Bjarne Herrefoss, Hauk Buen, Anders Buen, Bergit Tjønn, Knut Buen, Olav Flåto, Olav Øyaland, Johannes Dahle, Gunnar Dahle, Hølje Wårstulen, Svein Haugetrå m.fl.

Innan kveding er det kapasitetar som Agnes Buen Garnås, Ingvill Buen Garnås, Magnhild Almhjell, Brita Bratland, Ingebjørg Liestøl, Sondre Bratland, Arve Moen Bergset, Aslak Brekke, Talleiv Røysland, Margit Buen, Dordi Bergheim, Aslak Høgetveit, Knut Askje, Anne Gravir Klykken, Åste Nisi, Margit Finnekåsa, Lavrants Østtveiten, Høye Strånd, Jarand Reflebrekk, Olav Haugen, Olav Stuvrud, Systrane Hovde, Sinikka Langeland, Ellen Nordstoga m.fl.

Av kåseri, forteljing og diktopplesing nemnest opptak med: Birgit Gjernes, Aslaug Vaa, Halldis Moren Vesaas, Rhoda Bulter, Olav Flatastøyl, Hallgrim Berg, Knut Buen og Aslak Høgetveit. Berre med skodespelaren Finn Kvalem finst tre produksjonar: ”Vårt Telemark” der Kvalem les dikt, ”Lill, lill, lye”, barneeventyr frå Telemark og ”Dreng Dristug”, erotiske eventyr og saftige soger frå Telemark.

Av musikalske medspelarar på ulike utgjevingar nemnest: Kåre Nordstoga, Warren Carlstrøm, Einar Steen-Nøkleberg, Guttorm Guttormsen, Notodden Bluesband, Knut Arne Snøås, Toralf Sletta, Steinar Ofsdal, Jai Shankar, Torjus Vierli, Frøydis Grorud m.fl.

Stoffet gjev til saman eit breidt bilete av bygdenorsk folkesjel, i sorg og glede. Dette er kultur som har runne av liv og lagnad gjennom hundreår, av skiftande sinnelag og i trendar av tider og tradisjonar. Ein av dei mest legendariske på forlaget er Jørgen Tjønnstaul. Han sat på Raulands-bussen, på heimtur frå Dalen, og sidemannen spurde om han var på turne? ”Nei, eg æ på tur uppatt no!” svara Jørgen.

Kategori: Albumlister   Stikkord: , , , - Permalenke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *


*

Du kan bruke disse HTML-kodene og -egenskapene: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>